Det er travle og spennande dagar hos oss, med fleire prosjekt på gong rundt om i distrikte
På Bjoa er me i gang med å skapa eit innbydande uteområde med terrasse, pergola og skreddarsydde detaljar. Eit prosjekt der kvalitet, gode løysingar og flott handverk står i fokus.
I Sandeid arbeider me med ei større totalrenovering med nytt kjøkken, nye golv, vindauge, dører og nymåla flater. Kunden ønskte ei moderne fornying, samstundes som det herskapelege preget og det flotte listverket skulle takast vare på.
I Etne er karane våre godt i gang med takskifte på eit hus. Samtidig skal både kjøkken og stove få nytt liv med nytt kjøkken, nye vindauge, nytt golv og måla veggar.
Me har også totalrenovert ein kjellar frå start til slutt med nye vegger, nytt golv, sparkling og maling. Du vel fargen – me tek resten av jobben.
Drøymer du om å byggja nytt eller fornya bustaden din? Me hjelper deg gjennom heile prosessen – frå start til slutt – me tek heile jobben.

