Eit prosjekt utanom det vanlege

Nokre prosjekt krev litt ekstra – og dette er eitt av dei. Her har me fått bruke både kreativitet og handverk for å skape ei heilt unik uteplass, med ei rund platting og ein pergola skreddarsydd etter kunden sine ønskje.

Til prosjektet har me nytta MøreRoyal Concise Natur (28×145), eit vedlikehaldsvenleg terrassebord som er montert med skjulte skruar for eit stilreint og eksklusivt uttrykk.

For å få akkurat det materialet kunden ønskte, sette me oss i bilen og henta det sjølve hos leverandøren – ein tur på 12 timar kvar veg. Me meiner at dei små ekstra innsatsane ofte er det som gjer den store forskjellen, og me strekkjer oss gjerne litt lenger for at kunden skal få akkurat den løysinga dei har sett føre seg.

No held me fram med blomsterkassar i same stil, slik at heile uteområdet får eit gjennomført uttrykk.