For Gerd-Iren var det viktig å støtte eit lokalt firma då ho første gong valde Ølen Byggservice. Opplevinga vart så god at valet har vore enkelt sidan.
– Dei møter opp på kort varsel, er serviceinnstilte og leverer alltid godt arbeid, fortel ho.
Gjennom åra har Ølen Byggservice utført fleire prosjekt hos Gerd-Iren. Mellom anna har me skifta kledning, etterisolert den eldste veggen på huset og montert pyntelist.
– Når dei først er her, kjem eg ofte på noko ekstra eg ønskjer gjort. Eg spør om dei har moglegheit til å ta det med ein gong, og svaret er alltid ja. Dei ordnar opp der og då. Eg får aldri beskjed om at dei må koma tilbake seinare, og det set eg veldig pris på.

Smart alternativ til full utskifting av kledning
Jørgen i Ølen Byggservice forklarer at det ikkje alltid er nødvendig å byte heile kledninga på huset.
– I mange tilfelle kan ein kutte vekk den nedste delen av kledninga og montere ein ny bård. Det gir huset eit løft, samstundes som det er ei meir kostnadseffektiv løysing. Det forbedrerer også musetetting i huset.


